Vi brukar den digitale læringsarenaen http://ndla.no/nb/fag/7 istadenfor lærebok i naturfag på Hafstad vgs. Andre gode nettsider kan vere http://www.viten.no/. der er det mange gode animasjonar o.l.
Mine erfaringar med ndla er at det kan ikkje erstatte læreboka. Vi burde hatt læreboka og heller brukt ndla som eit supplement. Elevane er også misfornøgde med ndla. Det gir dårleg oversikt over emnet dei skal setje seg inn i, og dei spør heile tida kva som er pensum. Ndla var heller ikkje, og er det heller ikkje pr. idag, ferdig produsert. Vi måtte difor bruke den gamle versjonen av ndla ei stund. Min og elevane si meining er at den gamle versjonen er vel så god som den nye. Mitt ønskje for seinare år er at elevane får også læreboka.